HeimNyheterOppdatering 14.10.20: Fleirbrukshall og svømmehall er open for skule, barnehage og fysioterapeut sine aktivitetar, samt organisert idrett.

Oppdatering 14.10.20: Fleirbrukshall og svømmehall er open for skule, barnehage og fysioterapeut sine aktivitetar, samt organisert idrett.

På grunn av auka krav til reinhald for å hindra koronasmitte, er Fedje fleirbrukshall og svømmehall ikkje open for vanleg bruk. Men det er opna for leige av hallen til organiserte aktivitetar frå idrettslaget.

Det er og mogleg å leige fleirbrukshallen til arrangement, så lenge ein følgjer alle smittevernsreglar. Ta evt. kontakt med sørvistorget på tlf 56165100.

På grunn av smittevernkrava knytt til reinhald, har me diverre ikkje kapasitet til å opne styrkerommet og spinning, eller hall og svømmehall for alminneleg bruk for alle med nøkkel.

Reinhaldskrava no er både dagleg reinhald av alle flater, samt reinhald av alle horisontale flater etter kvar aktivitet/bruk.

Me har opna opp det sosiale rommet og idrettshallen i Fedje fleirbrukshallen for bruk etter avtale til møte og for utleige.

Det er krav om at ein held alle smittevernreglar om tal på deltakarar, avstand osv., samt at leigetakar vil måtte gjere meir reinhald etter møte/arrangement enn vanleg.


Sist oppdatert: 15.10.2020
Publisert: 15.10.2020