Ny tilskotsordning til mangfold- og inkluderingstiltak i idrett og fysisk aktivitet
Søknadsfrist er 13. Juni, klokka 13.00.
Det er frivillige lag, organisasjonar, og kommunale fritidsklubbar eller ungdomshus som kan søkje tilskot. Idrett og fysisk aktivitet kan vere både organisert idrett og eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet, som for eksempel friluftsliv.
Tiltak skal rette seg mot målgruppene for ordninga:
- Barn og ungdom frå 6-19 år i familiar med vedvarande lav inntekt.
- Jenter med minoritetsbakgrunn frå 6 til 19 år, og jenter frå 6 til 19 år generelt i samanhengar der jenter er underrepresentert eller opplever særskilte barrierer.
- Personar med funksjonsnedsetting. Denne målgruppa er ikkje aldersavgrensa.
- Noverande og framtidige unge leiarar og trenarar, opp til 26 år, som er jenter/kvinner, personar med funksjonsnedsetting eller personar med minoritetsbakgrunn.

Sist oppdatert:
31.05.2022
Publisert:
31.05.2022