Ny kommunedirektør
Berit har lang kommunal erfaring. I tillegg har ho jobba 10 år hjå statsforvaltaren den gongen det heitte Fylkesmannen i Hordaland. Elles har ho jobba i Oslo kommune, Kristiansand kommune, Bergen kommune, Fjell kommune og Osterøy – og no Fedje kommune. Berit likar å jobbe i kommunesektoren, tett på folk og behov og med moglegheit til å gjere ein skilnad.
Berit har to vaksne born som bur i Bergen og to bonusborn som bur på Sørlandet og studerer der. Ho er på fritida glad i å være ute. Det kan være på tur, på fiske eller i hageparsellen. Andre interesser er film, litteratur og reiser. Ho er ein ivrig syklist, og har mellom anna sykla Bergen-Voss to gonger. Ho håpar difor å bli teken opp i spinning-gruppa på Fedje. Yoga har vært ein fast rutine kvar veke. Elles har ho hus på Utvær og i Lofoten, og reiser dit så ofte ho kan.
No gler ho seg til å bli kjent med kommunen og folk på Fedje. Det er berre å ta kontakt – her er det open dør.
Med dette takkar me også Olav Mongstad for det gode arbeidet han har gjort som konstituert rådman dei siste 6 månadane. No har han passert stafettpinnen over til Berit, og me ønskjer han lukke til vidare med neste prosjekt!