HjemAktueltNyheiterNy dato for koronavaksinering

Ny dato for koronavaksinering

FHI tilrår no 4. dose koronavaksine til alle over 65 år, samt til personar mellom 18 og 65 år med underliggjande sjukdom som gir risiko for eit meir alvorleg sjukdomsforløp.


På Fedje blir det drop-in vaksinering på helsestasjonen 22. og 23. september, mellom klokka 09:00 – 11:30 og 12:00 – 15:00.

Dersom du ønskjer vaksina men ikkje har moglegheit til å ta den på dei oppsatte dagane, ta kontakt med legekontoret i deira opningstider for å avtale seinare vaksinering.

Er du pårørande til ein som ikkje er aktiv på nett, informer dei gjerne om moglegheita til å få 4. dose av vaksina.


Sist oppdatert: 13.09.2022
Publisert: 13.09.2022