HjemAktueltNyheiterNordhordland vert Norge sitt første UNESCO Biosfæreområde

Nordhordland vert Norge sitt første UNESCO Biosfæreområde

Ein solid delegasjon frå Nordhordland, med ordførar på Osterøy, Jarle Skeidsvoll, i spissen, kunne i formiddag sleppe jubelen laus. På eit møte i UNESCO sitt hovudkvarter i Paris vart regionen utnemnd som Norge sitt første biosfæreområde. – Vi meinte at vi hadde ein svært god søknad og hadde tru på at vi skulle lukkast, men det var likevel ei fantastisk oppleving då det endelege vedtaket vart gjort kjent, seier Jarle Skeidsvoll som også er leiar for styringsgruppa for biosfæreprosjektet. – Eg er overtydd om at dette kjem til å få stor betyding for heile regionen, seier han.

Ei framtidsretta samfunnsutvikling

Biosfæreprogrammet er eit viktig bidrag i FN sitt arbeid med berekraftig utvikling, og så langt er det etablert om lag 700 slike område. Dei fleste land er med. Grunntanken for programmet er å legge til rette for ei positiv utvikling innafor dei utpeikte biosfæreområda, basert på lokale ressursar og kunnskap. Så skal ein lage koplingar mellom biosfæreområda og bidra til at dei erfaringane og lærdommen som er utvikla, litt etter litt skal spreie seg til resten av verda. Visjonen til Nordhordland Biosfæreområde formulert slik: «Nordhordland Biosfæreområde skal byggje på det beste frå fortida og legge til rette for ei framtidsretta, kunnskapsdriven samfunnsutvikling som sikrar ein berekraftig bruk av alle typar ressursar - til nytte og glede for befolkninga i dag og for kommande generasjonar».

 

Nasjonal satsing

Nabolanda våre har satsa stort på biosfæreprogrammet. Sverige har frå før fem biosfæreområde og fekk i dag godkjent to nye. Nordhordland vert det første norske biosfæreområdet, men andre kjem etter. Biosfæreprogrammet er viktig internasjonalt og kan og kan bli like viktig for Norge.  Som eit av dei første landa i verda har Norge vedteke at vi skal rapportere korleis FNs berekraftsmål skal følgjast opp. Regjeringa si satsing på MAB-programmet (Man and the Biosphere» program) kan bli ein sentral del av dette.

 

 

Universitet er med

Universitetet i Bergen har vore med i biosfæreprosjektet sidan starten i 2013. – Berekraftig utvikling er eit viktig satsingsområde for UB, og vi ser fram til eit tettare samarbeid med Nordhordlandsregionen no når biosfæreområdet er etablert, seier rektor Dag Rune Olsen.  – UIB har etablert eit UNESCO professorat i Berekraftig Arv og Miljøforvaltning. Dette blir eit knutepunkt for samarbeidet med Nordhordland, seier Olsen.

Engasjer deg!

Dei nesten 700 biosfæreområda i verda er felles om satsinga på berekraft, men har ulikt fokus. – Eg håpar at biosfæreprosjektet kan gje retning for utviklinga i regionen vår, seier Jarle Skeidsvoll.  – Men det skal alle i regionen vere med på å bestemme. Biosfæreprogrammet gjev oss nokre rammer for utviklinga, men det er opp til oss sjølve å fylle desse rammene med innhald. Vi håpar at så mange som mogeleg engasjerer seg. Vi har fått ein eineståande sjanse. Den må vi nytte, seier Skeidsvoll.

 

Du finner meir informasjon her: www.nordhordlandbiosphere.no

 

Kontaktpersonar:

Leiar i styringsgruppa for satsinga, Jarle Skeidsvoll, +47 91 56 19 53

Prosjektleiar Kari Evensen Natland, tlf. +47 48 07 09 72

 

 

Beste helsing

Kari Evensen Natland

 

Prosjektleiar for Nordhordland Biosfæreområde

Nordhordland Utviklingsselskap IKS

+47 48 07 09 72

kari@nordhordland.net

www.nordhordlandbiosphere.no

www.regionnordhordland.no

 

 


Sist oppdatert: 08.01.2020
Publisert: 27.06.2019