HjemAktueltNyheiterNo kan ein få varsel på mobiltelefonen når bosset skal hentast

No kan ein få varsel på mobiltelefonen når bosset skal hentast

I ein travel kvardag kan ein fort gløyme å sette ut dunken, og hugse kva for dunk med avfall som skal setjast fram på kva dag. No vert dette enklare for deg som NGIR-kunde.

I appen MiljløID (som er gratis), kan du velje om du vil ha varsling same dag som bosset vert henta, eller dagen før – og du kan sjølv velje klokkeslettet for varslinga.

Hentekalenderen viser kva slags avfall som vert henta kva for dagar inneverande veke og veka etter på din adresse.

Appen er alltid oppdatert. NB: Tømmekalenderen tek ikkje høgde for sjeldan henting, dei med sjeldan henting må følgje merking/informasjon tilsendt i eigen informasjon.

Hugs at dunken må vere sett ut til kl 07.00 på tømmedag.

MiljøID-appen kan du også nytta for å identifisera deg - og få adgang til gjenvinningsstasjonane. 

www.ngir.no finn ein all informasjon om dette, samt rettleiar med bilde på korleis ein finn hentekalender og aktiver varsel i MiljøID-appen.


Sist oppdatert: 28.10.2021
Publisert: 28.10.2021