HeimNyheterNasjonal tilskotsordning for inkludering av born i lavinntektsfamiliar

Nasjonal tilskotsordning for inkludering av born i lavinntektsfamiliar

Målgruppa i tilskotsordninga er born og ungdom som er berørt av fattigdomsproblem. Saman med dei berørte inngår deira familiar i målgruppa når tiltaket vert retta mot kultur, fritids- og ferieaktivitetar.

De kan søkje om tilskot til tiltak som inneber at:

  • born og ungdom berørt av fattigdomsproblem og deira familiar kan delta i kultur- og fritidsaktivitetar
  • born og ungdom berørt av fattigdomsproblem og deira familiar kan delta i ferieaktivitetar
  • born og ungdom berørt av fattigdomsproblem kan delta på alternative meistringsarenaer

Tilskot blir ikkje prioritert til:

  • eksisterande verksemd. Det vil seie at løyvinga ikkje skal gå til å finansiere lovpålagde eller eksisterande tilbod eller stillingar
  • tiltak av behandlande karakter, samt aktivitetar av individuell karakter
  • tiltak som inngår i skulefritidsordninga si ordinære verksemd, som skal bli dekka gjennom skulane sitt budsjett
  • tiltak der tilskotsmidlane skal gå til å dekke medlemsavgifter
  • tiltak som vert driven på forretningsmessig basis
  • reine utviklings- og samordningstiltak, samt stillingar til kompetanseheving og utviklingsarbeid i NAV
  • tiltak med liten grad av aktivitet/tilbod til målgruppa
  • tiltak der det førekjem direkte utbetalingar til brukar

Viktige søknadskriterie:

  • For at søknaden skal vere rettkomen til støtte, må kommunen/bydelen ha sendt inn skjemaet bekreftelsesskjema innan fristen. Alle kommunane og noverande kontaktpersonar for tilskotsordninga blir informert om dette.
  • Sentralledd i friviljuge organisasjonar kan søkje direkte til Bufdir. Søkjarorganisasjonen må ha organisasjonsnummer på søknadstidspunktet. 
  • Sjå regelverket for meir informasjon om tilskotsordninga.

 

Bufdir kan i sakshandsaming leggje vekt på følgjande:  

  • omfang av fattigdom i bornefamiliar i kommunen eller bydelen 
  • geografisk spreiing mellom kommunar/bydeler og fylker ved fordelingen av midlane 
  • den totale størrelsen på tilskot til kommunen gjennom ordninga
  • samarbeid mellom friviljug sektor og førebyggjande tenester 
  • integrering av born og ungdom med innvandrarbakgrunn i lavinntektsfamiliar 
  • tiltak som rettar seg mot born og ungdom som veks opp med foreldre med rusproblem/psykiske vanskar/utfordringar knytt til vald

Om tilskotsordninga

  • Beløp: Om lag 310 millionar kroner (2020)
  • Søknadsfrist: Søknadsfristen for tilskotsåret 2020 er 13. desember 2019. Søknadsskjemaet vil bli publisert seinast 22. november 2019.
  • Rapporteringsfrist: 1. april 2021.
  • Kven kan søkje: Offentlege instansar, private aktørar og frivilljuge organisasjonar kan søkje om midler. Søkjarorganisasjonen må ha organisasjonsnummer på søknadstidspunktet
  • Viktig informasjon om tilskotsåret 2020:
    • For at friviljuge organisasjonar, private aktørar eller offentlege instansar skal kunne søkje om støtte, må kommunen bekrefte at dei vil gjere ordninga kjend lokalt og vurdere og prioritere søknadar knytt til kommunen. Kommunen må også oppnemne ein kontaktperson for tilskotsordninga og sørge for ein knutepunktfunksjon. Kommunen skal bekrefte dette i eige skjema. Fristen for å sende inn bekreftelsesskjemaet er 19. november 2019.
    • Punktet over gjeld ikkje for friviljuge organisasjonar som vert omfatta av punkt 1 b) i regelverket. Dei kan søkje Bufdir direkte dersom dei representerer sentralleddet i organisasjonen. Lokallag, fylkeslag og andre må søkje gjennom kommunen.
    • Når kommunar som vert råka av kommunereformen frå 1.1.2020 sjølv er søkjarar, må dei bruke organisasjonsnummeret som kommunen vil gjere seg nytte av etter at reformen har trådt i kraft. Informasjon om korleis du går fram for å knyte deg til eit nytt organisasjonsnummer, finn du etter at du har logga inn i søknadsportalen.
    • For å gjere sakshandsaminga i kommunar enklare med få søknader, er det friviljug for kommuner/bydeler som mottar éin eller to søknader å vurdere og rangere desse (sjå regelverkets punkt 2). Dette har ikke innverknad på krav om innsending av stadfestingsskjema.
    • Utlysinga i år vil verte publisert seinast 22. november. Vi anbefaler at alle som vil søkje les utlysinga nøye.

For meir informasjon besøk heimesida til Bufdir: https://www.bufdir.no/Tilskudd/Soke_om_tilskudd/Barn_og_ungdom/lavinntekt/

Kontaktperson: Nadine Gutte-Preusse

                               Tel 56165142

                               Epost: nadine.gutte-preusse@fedje.kommune.no

Her er nyttige lenkjer med informasjon om tilskotsordninga:

Regelverk tilskot til å inkludere born og unge 2020

Veileder til rundskriv 2020

Folder fritidserklæringen

knadsprosess og årsplan 2020

 


Sist oppdatert: 08.01.2020
Publisert: 21.11.2019