HjemAktueltNyheiterVelkommen til LivOGLyst-konferansen 2021!

Velkommen til LivOGLyst-konferansen 2021!

LivOGLyst-konferansen er ein møteplass og open arena for alle som er interessert i lokalsamfunnsutvikling, eldsjeler, frivillige, tilsette i kommunar og søkjarar til LivOGLyst-programmet. Deltaking på konferansen er gratis.

I år set vi samskaping og samarbeid på tvers av aldersgrupper og generasjonar på dagsorden. I LivOGLyst-prosjekt er alle menneske viktige ressursar i sine lokalsamfunn. Brei mobilisering av innbyggjarar, lag, foreiningar og næringsliv er ein premiss for eit vellukka og inkluderande LivOGLyst-prosjekt.

Lenke til program og påmelding:

 

LivOGLyst-konferansen i Bergen, 28. september kl. 09.30 – 15.00

 

LivOGLyst-konferansen på Skei i Jølster, 30. september kl. 09.30 – 15.00

Om LivOGLyst-programmet

LivOGLyst er eit program for lokalsamfunnsutvikling der lag og foreiningar kan søkje om å få støtte til å utvikle sine lokalsamfunn.

Programmet er eit samarbeid mellom den regionale partnarskapen Innovasjon Noreg, Statsforvaltaren i Vestland og Vestland fylkeskommune og har vore aktivt i Hordaland sidan 2008. I 2020 vart det utvida som ei satsing for Vestland fylke. Målet med programmet er å leggje til rette for bulyst, grunnlag for næringsutvikling og attraktive lokalsamfunn.

 

Søknadsfrist for LivOGLyst-deltaking er 25. oktober 2021. Les meir om programmet på www.vlfk.no/livoglyst og ta gjerne kontakt med underteikna for ytterlegare informasjon.

 

Med ønskje om ei fortsatt god veke!

 

Venleg helsing

 

for LivOGLyst-arbeidsgruppa,
Ingeborg Sofie Sætrevik


Sist oppdatert: 16.09.2021
Publisert: 16.09.2021