HeimNyheterLegevaktteneste i Fedje kommune

Legevaktteneste i Fedje kommune

Alle kommunar har krav om å kunne tilby sine innbyggarar legevakttenester heile døgnet. For å stette dette kravet må Fedje kommune, i ein periode framover, kjøpe legevakttenester frå Alver kommune og Nordhordland legevakt på ettermiddag, natt og i helgene.

Det betyr at ein i nokre tilfeller må reise til Knarvik når det er behov for legevakt. Det er svært viktig at ein nyttar telefonnummer 116 117 for å komme i kontakt med legevakta. Ein vil då automatisk bli sett i kontakt med næraste legevakt - om det er på Fedje eller i Knarvik.

Me er i gang med å søkje etter ny kommunelege, men den prosessen vil ta tid, og me vurderer samarbeid med Nordhordland legevakt som den beste løysinga i den situasjon me er i no. 

 Telefonnummer og opningstid er det same som tidlegare

 

Fedje legekontor ring 56164031 (opningstider)

Legevakt ring 116117 (heile døgnet)

Augeblikkeleg hjelp ring  113

 

Me vil minne om at ein kan nytte seg av portalen på Helse Norge for å bestille time og fornye resept.


Sist oppdatert: 28.03.2022
Publisert: 28.03.2022