HeimNyheterKoronavaksinering på Fedje

Koronavaksinering på Fedje

Om du ikkje har tatt imot vaksinedose 1 eller 2 men no er klar for vaksinering, oppmodar me deg til å ta kontakt for å få time.

Er du i gruppa som vert anbefalt å ta 4 vaksinedose, kontakt oss slik at me kan finne time til deg.

 

Koronavaksine for barn og unge:

Barn i alderen 5 – 11 år kan få tilbod om ein vaksinedose. Folkehelseinstituttet (FHI) tilrår ikkje at alle barn i denne aldersgruppa tar vaksine. Vaksinen er mest aktuell for barn med kroniske sjukdommar, familiar der barn har nær kontakt med personar med særleg behov for beskyttelse, og barn med auka risiko av andre grunnar. Barn i denne aldersgruppa vil få eigne barnedosar.

Ungdommar i alderen 12 – 15 år kan få tilbod om dose 1 og dose 2. FHI tilrår at ungdommane 12 – 15 år kan få tilbod om dose 2,  8 – 12 veker etter dose 1, men det er ingen generell tilråding om dose 2 til ungdommar i denne aldersgruppa.

 

Les meir: Koronavaksine - informasjon til befolkningen - FHI

 

Til alle barn og unge under 16 år skal det brukast eige samtykkeskjema ved vaksinasjon mot koronavirus. Skjema finn du på denne lenka.

Ta kontakt med legekontoret eller helsesjukepleiar ved ynskje om time til koronavaksine.  

 

Med helsing:

Legekontoret: 56 16 40 31 måndag, onsdag og fredag 08.00 – 12:00

Helsesjukepleiar: 56 16 51 17 måndag, torsdag og fredag 08.00-14.00  


Sist oppdatert: 27.01.2022
Publisert: 27.01.2022