HjemAktueltNyheiterKoronasmitte på kommunehuset

Koronasmitte på kommunehuset

Ein av dei tilsette på sørvistorget og kommunehuset har fått korona. Nett no er situasjonen litt uavklart, men dei tilsette testar seg og vil gjere det i dagane framover. Inntil vidare er sørviskontoret og kommunehuset stengt, men du kan likevel nå dei tilsette på telefon. Du kan ringe kommunen sitt hovudnummer på tlf: 56 16 51 00. Du kan og ta direkte kontakt med kvar enkelt tilsett ved behov. Du finn kontaktinformasjon til alle tilsette ved å trykkje på denne lenkja.


Sist oppdatert: 09.02.2022
Publisert: 09.02.2022