HjemAktueltNyheiterKommunen har jodtablettar i beredskap

Kommunen har jodtablettar i beredskap

Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit (DSA) seier det er lite truleg at krigen i Ukraina vil gi behov for jodtablettar. Uavhengig av situasjonen i Ukraina anbefaler DSA alle under 40 år å ha jodtabletter lagra heime som ein del av beredskapen. Hovudgrunnen til dette er at atomubåtar og atomisbrytarar jamleg seglar langs norskekysten. Ved ei alvorlig atomulukke kan det bli gitt råd frå styresmaktene om å ta jod-tablettar. 

Dersom det skulle verte nødvendig har Fedje kommune jodtablettar i beredskap, og har nyleg gått gjennom rutinane for utdeling til alle under 40 år i kommunen. Skulle det kome melding frå helsemyndigheitene om fare, vil innbyggjarane på Fedje få ein SMS frå kommunen om kvar de kan hente jodtablettar. 

De kan lese meir om formålet med jodtablettar her: 

Jodtabletter ved atomulykker - DSA

 

Når skal tablettene tas?

Jod skal kun tas etter råd fra myndigheitene. I tilfelle ei atomulykke, vil råd bli gitt gjennom media og relevante myndigheter. Du skal ikkje ta jod uten at myndigheitene har anbefalt det. 

 

Om Direktoratet for strålevern og atomtryggleik

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) er fag- og forvaltingsmyndigheit på områda strålevern, atomtryggleik og ikkje-spreiing, radioaktiv forureining og radioaktivt avfall. 

DSA utfører oppgåver på vegne av Helse- og omsorgsdepartementet, Utanriksdepartementet og Klima- og miljødepartementet.

Du kan lesa om DSA sitt arbeid med atomtryggleik på denne lenka (klikk her / ekstern lenke):

Du kan lesa DSA sine svar om jodtablettar på denne sida (klikk her/ ekstern lenke):


Sist oppdatert: 09.03.2022
Publisert: 09.03.2022