HjemAktueltNyheiterKjenner du nokon som kan verte ein god meddommar eller jurymedlem?

Kjenner du nokon som kan verte ein god meddommar eller jurymedlem?

I tråd med domstolslova § 67 ber me no innbyggjarane kome med forslag:

«Utvalgene av lagrettemedlemmer og meddommere skal ha en allsidig sammensetning, slik at de best mulig representerer alle deler av befolkningen. Kommunen skal oppfordre allmennheten til å foreslå kandidater til valget.»

Alle kan foreslå nokon, eller foreslå seg sjølv. Det er ei nemnd som innstiller til valet, og kommunestyret som gjer valet.

 

Krav til dei som skal velgjast er:

 

  • Må vere mellom 21 – 69 år
  •  Vere personleg egna; bl.a. kunne klare å følgje forhandlingane i retten og lese sakstilfanget, forstå problemstillingane og gje uttrykk for si meining, med meir.
  • Må kunne snakke, skrive og lese norsk
  • Må ha røysterett og vere innført i folkeregisteret i Fedje kommune.
  • Må ikkje vere i gjeldsforhandlingar, under konkursbehandling eller i konkurskarantene.
  • Kan ikkje vere rådmann/kommunedirektør, politi, tilsett ved domstolen, ha avgrensa politimynde, vere praktiserande advokat eller advokatfullmektig, vere administrasjonssjef eller kommunal tenestemann som tek direkte del i førebuinga eller gjennomføringa av valet.
  • Krav til vandel: Straffen sin art og lengde avgjer kor lenge ein er utelukka fra rettsteneste. Forenkla forelegg er ikkje eit problem.
  • For nokre av verva treng me kandidatar som har god kunnskap om rekneskap, bygningsvesen, eigedomsforvaltning, jord- og skogbruk.

 

Send inn gode forslag til

Kristin Handeland (leiar i valnemnda)

kristin.handeland@fedje.kommune.no eller ta kontakt på telefon 90669831.

Frist: innan 15. mai 2024.

 

På førehand takk!


Sist oppdatert: 10.04.2024
Publisert: 10.04.2024