HeimNyheterInformasjon til foreldre/føresatte i skule og barnehage

Informasjon til foreldre/føresatte i skule og barnehage

Informasjon frå skule og barnehage:

Her finn de nyaste informasjonen  frå UDIR, https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/

De kan lese både om tilbodet skule og barnehage skal gje til dei elevane som har særskilde omsorgsbehov, og barn av føresette med kritisk samfunnsfunksjon eller verksemdkritiske oppgåver, og om kva opplæringstilbod skulane skal gje elevane medan dei er heime.  De kan og lese om eksamen og standpunktkarakterar for ungdomstrinnet.

NB! Det er viktig for både skule og barnehage å halde talet på born som er i barnehagen eller på skulen på eit absolutt minimum. Vi er pålagt å ha ei restriktiv praktisering av kven som skal få tilbod om å være på skulen og i barnehage. Dette for å unngå smitte.

Det er ikkje avklart om det vert gjennomført eksamen i grunnskulen i år, men skulane er pålagt å gjere det dei kan for at elevane på 10.trinn skal få standpunktkarakter og gyldig vitnemål. Lærarane jobbar med å finne gode måtar å vurdere arbeidet elevane gjer no, slik at dei kan få ei sluttvurdering som syner kva dei kan.

Det viktigaste no er å gje barn og unge omsorg og støtte i denne vanskelege tida. Samen med omtanke og tid til å ta vare på kvarandre, kan det å få undervisning og rammer i kvardagen hjelpe dei til å halde fast i noko som er tilnærma normalt. Men, vi veit at det som er rett for den eine, er ikkje nødvendigvis rett for den andre. Hald difor kontakten med skulen, og gje beskjed om det vert for mykje eller for lite skule for ditt born.

Lurer du på noko? Ta kontakt med oss, og vi skal forsøke å hjelpe så godt vi kan. Både faglærarar og kontaktlærarar har faste tider der dei skal halde kontakten med elevane. Sjekk Canvas! Der finn de mykje nyttig informasjon. 

Her finn du meir om kva barn som har rett på eit tilbod på skulen/i barnehagen.

De er hjarteleg velkommen til å komme innom skulen og barnehagen for å hente både bøker og anna utstyr om de framleis manglar noko.  Men, gje beskjed om at du kjem! Ring 56 16 51 00 og avtal kor tid det passar at du kjem. Får du  ikkje kontakt? Ring rektor på mobil 91 85 24 45 eller styrar på mobil 40 16 90 84, og dei vil hjelpe dykk. 

Helsing
Mona Vabø                         Stine Waage
Rektor                                 Barnehagestyrar


Sist oppdatert: 17.03.2020
Publisert: 17.03.2020