Tiltak mot koronavirus på Fedje
oppdatert 20.januar 2021:
SITUASJONEN ER FRAMLEIS ALVORLEG, og vi treng hjelp frå alle for å hindre et dette vert ei ukontrollert bølgje. Får vi smitte på Fedje, kan det bety stogg i vaksineringane og samanbrot i viktige tenester. Statsministeren seier: «Smitten er på eit høgt nivå. Vi må fortsette med strenge tiltak.»
DEI GENERELLE RÅDA
- Å halde meir enn ein meter avstand,
- Å halde to (2) meter avstand til dei som er i risikogruppene
- Å ikkje handhelse,
- Å ikkje klemme
- Å nytte sprit eller såpe på hendene fleire gongar om dagen
- Ved sjølv milde symptom på luftvegsinfeksjon, skal du halde deg heime og helst la deg teste
REISERÅD
- Rådet er at munnbind skal nyttast på reiser, i butikkar og på serveringsstadar når ein ikkje kan halde ein meter avstand.
- Folk bør sitje i bilen på overfarten med ferja. Mannskapen vert beden om å følgje med på kva som skjer
- Ein skal unngå reiser innanlands og utanlands som ikkje er heilt naudsynte.
- Ein kan dra på hytta saman med eigen busetnad
- Alle som kan ha heimekontor, bør ha heimekontor.
- Alle som kjem frå utlandet skal registrere seg, skal ta coronatest ved ankomst og skal i karantene (nasjonal regel)
IDRETT OG KULTUR
- Biblioteket tek imot og kan levere ut bøker.
- Ein kan ikkje ha korøvingar og korframsyning som er sterkt smittespreiande.
- Ein kan ha utandørs idrett, men skal halde avstand. Vaksne over 20 år vert anbefalt å ikkje drive organisert innandørs aktivitet
- Fleirbrukshallen og symjehallen vert opna for organisert aktivitet for barn og unge under 20 år. Kampar og cupar må ein utsetje.
SOSIALT SAMVER OG SAMKOME
- Ein bør i størst mogleg grad avgrense sosial kontakt. Ein bør ikkje ha besøk i heimen av fleire enn 5(fem) gjestar
- Privat samkome og ulike arrangement bør ein utsette eller avlyse. Må ein likevel ha arrangement eller samkome, er reglane:
- 1) Maksimalt 10 personar kan samlast privat i leigd lokale (nasjonal regel), 20 personar utandørs
- 2) Maksimalt 10 personar kan samlast innandørs på ulike arrangement (nasjonalt regel), 50 personar ved gravferd
Utandørs kan ein ha 200 personar med 1 meter avstand. Arrangør skal informere om at arrangement er for innbyggjarane i eigen kommune
SKULE OG BARNEHAGE
- Ingen endring for barnehage og barneskule. Gult nivå.
- Ungdomsskulen på gult nivå
TENESTER OG TILBOD TIL DEI ELDRE
- Dei eldre kan få to besøk av pårørande i veka. Ta kontakt med sjukeheimen som gir meir informasjon til dei som vil komme på besøk.
- Lege , fysioterapeut, prest, fotterapeut og frisør utfører ikkje rutinearbeid inne i sjukeheimen
- Dei tilsette i pleie og omsorgsarbeid må vere nøye med hygienereglane på fritida si
- Det tilsette skal nytte munnbind ved nærkontakt med brukarane
- Vi tek imot dagpasientar på sjukeheimen
- Vi kan opne for aktivitetskafé i hjartebanken når smittevernet er sikra med mindre grupper og godt smittevern
SERVERINGSSTADAR
- Det er skjenkestogg (nasjonal regel om forbod mot skjenking av alkohol), fram til torsdag 21.januar kl. 24. Etter dette, er det i kommunar med lågt smittetrykk, skjenkestogg kl. 24, gjester kan ikkje komme inn etter kl.22 og skjenking kan berre skje i samband med matservering.
BUTIKKANE
- Butikkane vert oppfordra til følgje med på at folk nyttar desinfeksjonsspriten, held avstand og at det ikkje er for mange i butikken samstundes. Butikkane skal ha grense for talet på kundar som er samstundes i butikken, og det skal førast inngangskontroll. Det er viktig at ein held avstand i butikken, og eigar bør vurdere om det er mogeleg å dele dei tilsette i kohortar for å unngå karantene for alle ved ein smittesituasjon. Ein vurderer forskrift og ikkje berre rådgjeving
Har ein spørsmål eller ein ynskjer ein COVID19-test, kan ein ta kontakt med kommuneoverlegen på vakttelefon 56164031
Venleg helsing
Ernst Horgen
Kommuneoverlege
Anna informasjon
- Nasjonale reglar og anbefalingar finn ein på www.fhi.no og www.helsenorge.no