HjemAktueltNyheiterInformasjonsmøte fosterheim

Informasjonsmøte fosterheim

Rundt 50 born i Bergen og omegn treng ein ny, trygg heim. Bli med på digitalt informasjonsmøte med Siv Merethe og June tysdag 18. april kl. 20:00, og finn ut kva det vil seie å vere fosterheim.

I Rogaland er det over 1000 fosterheim. Når dei skal fortelje om kvifor dei har opna hjartet og heimen for eit barn, svarar mange: «Vi ønskjer å hjelpe eit barn som treng hjelp». Og dei svarar: «Det gjev oss stor glede å sjå utviklinga barnet får når det får stabil omsorg.»

Det kjem stadig nye born til som treng fosterheim. På vårt digitale informasjonsmøte får du vite meir om kven barna er og kva det inneber å vere fosterheim. Møtet tek om lag ein time. Du får høve til å stille spørsmål.

Fosterheimstenesta i Bergen har digitale møter om lag ein gong i månaden. Meir informasjon og skjema for påmelding finn du i denne lenka:

https://www.bufdir.no/fosterhjem/kontorer/rogaland-og-vestland/meetings/digitalt-informasjonsmote--180423/


Sist oppdatert: 05.04.2023
Publisert: 05.04.2023