HeimAktueltNyheiterInformasjon om endring i kommunale tilbod

Informasjon om endring i kommunale tilbod

Fedje kommune finn seg i ein vanskeleg økonomisk situasjon, og leiargruppa har bestemd at me må gjere fleire tiltak for å betre situasjonen. Det blir jobba hardt med å skaffe større økonomisk handlingsrom for 2025, og dette betyr i første omgang at me på kort sikt skal halde ledige stillingar vakante så langt det lar seg gjere. Dette vil føre til konsekvensar for tilboda me har til hausten, og sjølv om dette sjølvsagt er utruleg leit så håpar me at det vil gje oss moglegheit til å tenke nytt rundt tilboda me har og korleis dei er organisert. Her er me svært interessert i innspel og forslag til løysingar og ynsker god dialog med innbyggarane i dette arbeidet som startar rett over sommaren. Tilboda som blir endra er følgande:

Ungdomsklubben
Frå 1. september sluttar miljøarbeidar som jobbar i ungdomsklubben. Det fører til at frå hausten vil det ikkje vera ein på jobb som kan drifta ungdomsklubben, og den må difor haldast stengd.
Fedje kommune vil gjerne invitere ungdom og føresette til eit møte om drift av ungdomsklubben, torsdag 22.08.2024 klokka 1800. Møtet vert halde i Fedje fleirbrukshall.

Hjartebanken
Frå 1. juli er stillinga som miljøarbeidar i lågterskel tilbod i Hjartebanken ledig, og stillinga vil diverre ikkje verte bemanna til hausten. Dette skjer i samanheng med at Fedje kommune jobbar med omstilling av fleire stillingar. Me ser på korleis me kan nytte stillingane me har på best mogleg måte.
Dette fører til at det ikkje vil verte tilbod om Drop-in frå hausten. Tilbod om småbarntreff vil det verte tilbod om på Familiens hus frå hausten. Her kjem det meir informasjon om dette tilbodet.
Aktivitetskafeen vil heller ikkje verte bemanna, men det vil verte tilbod om å driva den frivillig inntil vidare i lokala til Hjartebanken.

Fysioterapeut
Fysioterapeut skal ha permisjon i 50% av stillinga frå og med 19. august. Dette fører til at tilbodet om bassengtrim og småbarnstrim vert satt på pause frå hausten. Viss det vert stor pågang på pasientar kan dette føra til venteliste. Fysioterapeuten vil vere på jobb tysdagar og torsdagar full dag og onsdagar halv dag.


Sist oppdatert: 28.06.2024
Publisert: 28.06.2024