HjemAktueltNyheiterInformasjon frå Skyss om ferjebetaling

Informasjon frå Skyss om ferjebetaling

På ferjesambandet Fedje-Sævrøy betalar ein tur/retur takst frå Sævrøy, og ingen betaling frå Fedje. Vår operatør, Fjord1, nyttar skiltlesing ved billettering av køyretøy med AutoPASS-brikke. Køyretøy utan brikke vert tidlegare billettert manuelt, men som følgje av Korona vart det tillate å nytte etterfakturering av køyretøy utan AutoPASS-brikke. Dette var for å unngå kontakt mellom ferjepersonell og dei reisande.

Ettersom vi no har gått over til skiltlesing og etterfakturering av alle køyretøy, vil vi frå 1. januar 2021 gå over til betaling både frå Sævrøy og Fedje. Det vil seie at Fjord1 utførar skiltlesing og etterfakturering i begge retningar. På denne måten vil vi få inn korrekt reisestatistikk, og billettering vil føregå på same måte som på andre ferjesamband.

Dette vil ikkje påverke dei reisande no som det ikkje er manuell billettering. Det vert heller ingen endring i pris, anna enn den årlege takstauken på 3,2 % som også trer i kraft 1. januar.


Kundar som har unytta retur frå i år reiser gratis på første reise frå Fedje etter nyttår.


Med vennleg helsing,
Målfrid Vik Sønstabø

Direktør Skyss


Sist oppdatert: 23.12.2020
Publisert: 23.12.2020