Skule og barnehage er stengt frå 13.03 til 26.03.20

For skulen gjeld det at elevane har rett på undervisning, sjølv om skulen er stengt. Sjå brev som vart sendt heim i dag, og som ligg nederst i artikkelen, for nærare informasjon om korleis dette blir gjort. Er det nokon som ikkje har motteke brevet, ta kontakt med skulen.

Dei som har trong for å hente skulebøker og pc-ar vil klasseromma være open i morgon, fredag 13.03, frå kl 09.00- 16.00. Ved henting av bøker ber vi dykk om å ta omsyn til dei generelle smittevernreglane, og hald avstand til kvarandre. Rektor vil være på skulen om nokon treng hjelp, eller har spørsmål.

Barnehagen vil ta kontakt med føresette til barn i barnehagen, og for dei som treng å hente noko i barnehagen vil det bli avtalt med kvar enkelt. Stine tek seg av dette. Om det er familiar med barn i barnehagen eller på skulen som har rett på, og behov for, eit alternativt omsorgstilbod ber vi dykk om å melde frå til barnehagen eller skulen om dette.

Med vennleg helsing Stine og Mona


Sist oppdatert: 12.03.2020
Publisert: 12.03.2020