HjemAktueltNyheiterInfluensavaksinering 2021

Influensavaksinering 2021

Dette er risikogruppene:

  • Personar som er 65 år eller eldre
  • Vaksne og born med alvorlege luftsvegssjukdomar
  • Vaksne og born med kroniske hjarte/karsjukdomar
  • Vaksne og born med nedsett immunforsvar
  • Vaksne og born med diabetes (type 1 og/eller type 2)
  • Vaksne og born med kronisk nyresvikt
  • Vaksne og born med kronisk leversvikt
  • Vaksne og born med kronisk nevrologisk sjukdom
  • Vaksne og born med svært alvorleg overvekt

 

Graviditet:

  • Gravide i 2. og 3. trimester
  • Gravide i 1. trimester og anna tilleggsrisiko kan vurderast for vaksinasjon

Anna informasjon:

  • Helsepersonell med pasientkontakt
  • Om du bur med nokon som har nedsett immunforsvar anbefalast det å la seg vaksinerast
  • Viss du har tatt anna vaksine, må det gå minst ei veke før du tek influensavaksine

Pris

  • Influensavaksinen kostar i år kr. 50,- i eigenandel for dei som er i risikogruppa. Har du frikort kostar det ingenting.
  • Betaling med vipps eller kort

Vaksinasjonsdagar

  • Torsdag 04. november kl 10. 00 – 15.00
  • Fredag 05. november kl 09.00 – 14.00
  • Stad: Fedje Fleirbrukshall. Ingen timebestilling, berre møt opp
  • Ta gjerne på munnbind når du skal ta vaksine

Me ser helst at dei som skal ha vaksine møter ein av desse dagane. Viss du har time hos fastlege i dette tidsrommet, kan du be om å få vaksine når du kjem til timen. For spørsmål kontakt Fedje legekontor tlf 56 16 40 31 i kontortida.

 

Fedje legekontor
Odd Arild Ågedal
kommuneoverlege  


Sist oppdatert: 19.10.2021
Publisert: 19.10.2021