HjemAktueltNyheiterInfluensa og koronavaksinering

Influensa og koronavaksinering

Fedje Kommune tilbyr i år samvaksinering med influensavaksine og koronavaksinen til innbyggjarar som er i risikogruppe for eit meir alvorleg sjukdomsforløp ved eventuell smitte (sjå under). 

Du bestemmer sjølv om du ynskjer begge vaksinane eller berre den eine. Fedje Kommune tilbyr også influensavaksinering til helsepersonell med pasientkontakt tilsett i kommunen.

Stad:   Familien hus

Tid:      24.10, kl 1300 - 1730
            07.11, kl 1300 - 1730

Pris:     200,- for influensavaksine (vaksinen er gratis for helsepersonell). Betaling via Vipps (evt. kontant).

Koronavaksinen er gratis.

Ta kontakt med Fedje Legekontor (56 16 40 31) for å avtale anna tidspunkt for vaksinering dersom du ikkje har høve til å møte ein av desse dagane. Ta også kontakt med Fedje Legekontor dersom du har spørsmål til vaksinane og/eller lurer på om du bør vaksinere deg.

 

FHI anbefaler desse gruppene å ta influensavaksine:

  • Alle frå 65 år
  • Bebuar i omsorgsbustad og sjukeheim
  • Gravide etter 12.svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i første trimester som har annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine.
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år.
  • Barn og vaksne med:
  • Diabetes type 1 og diabetes type 2
  • Kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
  • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
  • Nedsett immunforsvar
  • Svært alvorleg fedme (kroppsmasseindeks over 40).
  • Annan alvorleg eller kronisk sjukdom som legen din meiner kan gjere deg ekstra utsett ved influensa

 

FHI anbefaler i tillegg vakine til desse gruppene:

  • Helsepersonell og andre tilsette med pasientkontakt
  • Personar som bur saman med (eller tilsvarande nære)
  • immunsupprimerte pasientar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
  • Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl.

 

FHI anbefaler at desse gruppene tar ny oppfriskingsdose med koronavaksine haust/vintersesong 2024/25:

  • Personar som er 65 år og elde- og sjukeheimsbebuarar,
  • Personar i aldersgruppa 18-64 år som inngår i ei risikogruppe,
  • Ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom,
  • Barn 6mnd --11 år med alvorleg grunnsjukdom dersom barnet sin lege vurderer dette som viktig,
  • Gravide i 2. og 3. trimester. Vaksinasjon i 1.trimester kan vurderast dersom den gravide har tilleggssjukdom som gjer ytterlagre økt risiko.
  • Andre med behov for oppfriskingsdose med koronavaksine:
  • Sjølv om du ikkje er i ei risikogruppe kan du få oppfriskingdose dersom du skal på reise eller studieopphald, treng det grunna familiær situasjon eller andre forhold.

 

 


Sist oppdatert: 17.10.2024
Publisert: 17.10.2024