HjemAktueltNyheiterHøg forventa befolkningsvekst på Fedje

Høg forventa befolkningsvekst på Fedje

Statistisk sentralbyrå har i ein ny tabell sett på forventa befolkningsvekst i alle landets kommunar for perioden 2024-2050. I Vestland fylke er Fedje ei av kommunane som er forventa å ha størst befolkningsvekst, med heile 16,6%!

SSB skriv at desse tala er basert på noverande observasjonar, og utviklinga dei siste 10 åra. Foramtidige endringar som kan påvirke innbyggartalet er altså ikkje tatt hensyn til i denne tabellen. Basert på SSB sine estimat vil Fedje ha eit innbyggartal på 605 innan 2050. Dette er ein gladnyheit for kommunen, og me håpar på ei endå større vekst enn førespeila. 

Lenke til statistikken finn du her: 

Befolkningsvekst i kommunene 2024-2050 - SSB


Sist oppdatert: 14.06.2024
Publisert: 14.06.2024