HjemAktueltNyheiterHelsestasjon og skulehelsetenesta

Helsestasjon og skulehelsetenesta

HELSESTASJON:                                                                                                    Helsestasjonen skal vera ein trygg plass å komma til. Det er fokus på hygiene og ein kjem å halda avstand der det er mogleg. Dei som allereie har avtalar vert kontakta.

  • Ingen sjuke uansett orsak  skal komma til helsestasjonen
  • Ingen i karantene skal komma
  • Ingen søsken skal  vera med
  • Dersom mogleg skal berre ein vaksen fylgje barnet
  • Ta med eigen leike, alle leikane her er fjerna.

SKULEHELSETENESTA:                                                                                       Ring eller send SMS om du ynskjer kontakt med helsesjukepleiar på skulen.

Kvardagen er no annleis for dei fleste av oss. No gjeld det å ta vare på seg sjølv og andre. Helsesjukepleiar er tilgjengeleg på telefon og mail. Ta gjerne kontakt om det er spørsmål eller behov for råd eller samtale. Dette gjeld både foreldre, småborn, skuleborn og ungdom.

Alarmtelefonen for born og unge: 116 111

Mental helse sin hjelpetelefon: 116 123

Helsing                                                                                                                      Helsesjukepleiar Kjersti Torstensen       Telefon:  408 02 756

Mail: kjersti.nilsen.torstensen@fedje.kommune.no


Sist oppdatert: 19.03.2020
Publisert: 19.03.2020