HjemAktueltNyheiterHaustferien 2021 med Ferie for alle

Haustferien 2021 med Ferie for alle

Mange bornefamiliar i Noreg har av ulike grunnar ikkje moglegheit til å finansiere ferie- og fritidsoppleving på eigehand. I regi av Røde Kors er Ferie for alle eit tilbod om gratis ferieopphald for barnefamiliar. Ferie for alle skal bidra til sosial deltaking og utvikling, nettverksbygging og inkludering.

Kva familiar er Ferie for alle for:

  • Familien har minst eitt barn i barneskulealder, 6-13 år.
  • Familieøkonomien har vore pressa over tid
  • Forelder må kunne gjere seg forstått på norsk
  • Familien har budd i Noreg i minimum 3 år
  • Familien klarar seg utan tett fagleg oppfølging

Ferie for alle har i haustferien 2021 to ulike opphald: Haugland i, Sogn og Fjordane 11-15 oktober og Merket i Valdres 13-17 oktober.  Det er begrensa med plassar for å ivareta godt smittevern. Familien bør vera glad i å vera ute og vera aktive.

Røde kors dekkar felles transport til og frå feriestaden, overnatting og mat.

Er du interessert i å vita meir om dette eller melda familien din på Ferie for alle så ta kontakt med innan 10 september 2021

Kontaktpersonar:

Sandra Herøy, Ruskonsulent i Fedje kommune tlf: 41 60 49 39  eller

Kjersti N. Torstensen, Helsesjukepleiar i Fedje kommune tlf: 40 80 27 56


Sist oppdatert: 13.08.2021
Publisert: 13.08.2021