HjemAktueltFriskliv og meistringHar du lyst å delta som valmedarbeidar?

Har du lyst å delta som valmedarbeidar?

Kven kan vera valmedarbeidarar?

Dei fleste, kan vera valmedarbeidarar. Det er nokre unntak, til dømes kan du ikkje stå på valliste.

 

Ynskjer du vera valmedarbeidar må du vera tilgjengeleg nokre timar på dagtid/ ettermiddag/ kveld, den 11. september 2023. Tidspunkt vert nærare avtalt seinast i juni 2023.

 

Det vert opplæring for alle valmedarbeidarar i august eller tidleg i september, opplæringa vert ein kveld.

 

 

Har du lyst å vera medarbeidar i røystestyret?

 

Kven kan vera med i røystestyret: Du må ha stemmerett til kommune og fylkestingsvalet i 2023, du må og vera folkeregistrert i Fedje kommune. Det er nokre unntak.

 

Ynskjer du vera med i røystestyret må du vera tilgjengeleg nokre timar på dagtid/ ettermiddag/ kveld, den 11. september 2023. I tillegg må du vera tilgjengeleg frå klokka 1700 og nokre timar tysdag 12. september 2023.

 

Det vert opplæring for alle valmedarbeidarar i august eller tidleg i september, opplæringa vert ein kveld.

 

Det er valstyret som oppnemner valmedarbeidarar og røystestyret.

 

Ynskjer du melda deg som valmedarbeidar, eller kandidat til røystestyret, ta kontakt med Kristin Handeland innan 18.05.2021.

Du kan ta kontakt per telefon/sms på tlf: 90669831, eller på e-post kristinhandeland@fedje.kommune.no innan 24.02.2023.


Sist oppdatert: 30.01.2023
Publisert: 30.01.2023