HjemAktueltNyheiterFrosttapping skapar problem med vassforsyninga på Fedje

Frosttapping skapar problem med vassforsyninga på Fedje

Teknisk etat ber om at alle som lar vatnet renna når det er frost, legg ny inntaksleidning med varme eller får inn varmekabel i eksisterande leidning.
Publisert: 11.02.2021
Sist endra: 11.02.2021

Renseanlegget vi har i kommunen, er eit membranfilteranlegg. Det vart teke i bruk i august 2007. I 2014 var sjølve filtera vorte så tette at vi måtte skifte dei. Hausten 2020 såg vi at filtera på ny vart tettare og tettare og nye filter vart tinga.

Måndag 8. februar sende teknisk etat ut melding på SMS om at vassforsyninga ville verta stengd for heile Fedje natt til tysdag. Tysdag 9. februar sende vi ut melding om redusert vasstrykk. Desse meldingane hadde to årsaker : 1) På grunn av frosttapping var vassmengda på vasstårnet urovekkande låg. 2) Onsdag 10. februar skulle vi skifte filter.

Når vi skifter filter, stoggar produksjonen av rensa vatn. Arbeidet med å skifte filter starta kl 0800 og var ferdig kl 1900. Vassforsyninga vart stengd natt til torsdag 11. februar for å ta att den tapte produksjonen.

Vassforbruket er høgt pga av frosttapping. Dersom ikkje dette tek slutt, vert det nye periodar der vassforsyninga får redusert trykk eller vert stengd.

Teknisk etat ber om at alle som lar vatnet renna når det er frost, legg ny inntaksleidning med varme eller får inn varmekabel i eksisterande leidning.