HeimNyheterFørehandsrøysting og heimerøysting

Førehandsrøysting og heimerøysting

Førehandsrøysting:

Ein kan førehandsrøyste frå 10. august til og med 10. september i Gamlebanken sine lokalar i Kalvedalen 1.

Det vil vera ope måndag til fredag frå klokka 0900 til klokka 1500.

Det vil og vera ope for førehandsrøysting laurdag 28. august  frå klokka 1100 til klokka 1300 og laurdag 04. september frå klokka 1100 til klokka 1300.

Røysta heime:

Er det vanskeleg for deg å komma deg til røyste lokalet for førehandsrøysting eller til vallokalet på sjølve valdagen? Då kan du i perioden frå 10.august fram til 10. september klokka 1000, søkja om å røysta heime. Du kan ringja til Fedje kommune telefon 56165100 eller 90669831 og  gjera ein avtale om å røysta heime.

Det vert førehandsrøysting ved Fedje sjukeheim:

Onsdag 08. september klokka 1000 til klokka 1200.


Sist oppdatert: 06.08.2021
Publisert: 06.08.2021