Flytte til Fedje?
Frigjer tid
Mange sit fast i tidsklemma med småbarn, men på Fedje er det korkje bilkø eller barnehagekø.
Barnehagen har opptak heile året!
Les meir om Barnehagen
Les meir om Fedje skule eller SFO
Jobb?
På Fedje er arbeidsløysa berre 2,3 prosent (kilde: nav.no, gjeld total arbeidsløyse).
Har du jobb på fastlandet, får du tilskot dersom du pendlar. Les om pendlartilskot her
Ledige stillingar i Fedje kommune finn du her
Om du har spørsmål om jobbmogelegheiter kan du ringe oss på 56165100 eller sende e-post til postmottak@fedje.kommune.no
Byggje eller berre bu?
Vil du byggje har kommunen ledige tomter tett på fiskelykka.
Dei kjem med eigen båtplass og flott utsikt
Det er halv pris på tomta dersom du er under 35 eller har born i skuleplikteg alder
Her kan du lese om dine mogelegheiter for startlån
Ønskjer du ikkje kjøpe har kommunen boligar innbyggjare kan leige, med eller utan møblar
Kultur og idrett
Barn og vaksne på Fedje har mange fritidstilbod.
Kommunen har kulturskule med musikk, kunst og revy.
Me har svømmehall, ballbinge og fotballbane.
Fleirbrukshallen vart byggja i 2007 og har styrkerom og hallrom
Les meir om aktivitetar i kommunen her
Bergen i nærleiken
Korleis kjem du deg til Fedje?
Du kjører til Sævrøy, Austrheim som er halvanna time unna Bergen Sentrum. Der tar ferga deg til Fedje.
Om sumaren er det direktebåt og ferga korresponderar med buss.
Sumaren på Fedje er eit ettertrakta reisemål i heile verda, du kan lese meir om tilbod for besøkande her.