HjemAktueltNyheiterOPPDATERING: Fedje fleirbrukshall og svømmehall

OPPDATERING: Fedje fleirbrukshall og svømmehall

Det er mogleg å leige fleirbrukshallen til arrangement, så lenge ein føl alle smittevernsreglar.

Kommunal kriseleiing har bestemt at fleirbrukshall og svømmehall så raskt det er praktisk mogleg vert opna for skule, barnehage og fysioterapeuten sine aktivitetar.  På grunn av smittevernkrava knytt til reinhald, har me diverre ikkje kapasitet til å opne styrkerommet, fleirbrukshall og svømmehallen for alminneleg bruk eller for idrettslagsaktvitetar inntil vidare. Reinhaldskrava no er både dagleg reinhald av alle flater, samt reinhald av alle horisontale flater etter kvar aktivitet/bruk.

Me har opna opp det sosiale rommet og idrettshallen i Fedje fleirbrukshallen for bruk etter avtale til møte og for utleige. Det er krav om at ein held alle smittevernreglar om tal på deltakarar, avstand osb., samt at leigetakar vil måtte gjere meir reinhald etter møte/arrangement enn vanleg.


Sist oppdatert: 20.08.2020
Publisert: 12.05.2020