HjemAktueltNyheiterEtablerarfond Bergensregionen 2020

Etablerarfond Bergensregionen 2020

Region Nordhordland skriv følgjande om etablerarfondet:

Etablerarfond for Bergensregionen – 2020

Tilskotet skal bidra til gjennomføring av tiltak i tidleg oppstartfase, og gje gründaren kompetanse om marknad og økonomi.

Bergensregionen omfattar kommunane Alver, Askøy, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Samnanger, Vaksdal, Voss og Øygarden. Etablerarfondet for Bergensregionen er på til saman 2 000 000 kroner. Midlane er frå Vestland fylkeskommune.

Aktuelle søkjarar

Målgruppa er etablerarar og ny næringsverksemd som fell utanfor Innovasjon Noreg si ordning med «etablerartilskot til gründerbedrifter med vekstambisjonar og ein forretningsidé som representerer noko vesentleg nytt i marknaden».


Kor kan eg søke:

Søknaden må registrerast elektronisk på https://regionalforvaltning.no . Under støtteordning så vel ein «Etablerarfond for Bergensregionen 2020».

Krav til søknaden:

 Omtale av tiltaket det blir søkt om tilskot til, inkludert målsettingar for tiltaket og relevans for formålet med tilskotsordninga.
 Plan for gjennomføring, inkludert aktivitetar, tidsplan, organisering og samarbeidspartnarar.
 Forventa resultat på sikt mellom anna sysselsetting og omsetning
 Budsjett for prosjektet/tiltaket med finansieringsplan.
 Søknadssum.
 Andre relevante opplysningar søkaren meiner er viktige for søknaden og andre opplysningar som er spesifisert i kunngjøringa.

Søkjaren skal opplyse om verksemda har søkt om, eller mottatt offentlig støtte frå andre aktørar. Når tiltaket/prosjektet er gjennomført skal tilskotsmottakar levere ein kort rapport med dokumentasjon på kostnadene og kva som er gjennomført for midlane.

Prosjekt eller tiltak som det vert søkt om midlar til må vere forankra i ein eller fleire av kommunane i den regionen det vert søkt om tilskot i. Prosjektet skal ha god kvalitet, søkjar skal ha god gjennomføringsevne og etableringa bør på sikt kunne gi minst eitt årsverk.

Midlane skal tildelast som tilskot på inntil 50.000 kroner til etablerarar og ny næringsverksemd som fell utanfor Innovasjon Noreg si ordning med «etablerartilskot til gründerbedrifter med vekstambisjonar og ein forretningsidé som representerer noko vesentleg nytt i marknaden».

1. Prosjekt eller tiltak som det vert søkt om midlar til må vere forankra i ein eller fleire av kommunane i den regionen det vert søkt om tilskot i. Prosjektet skal ha god kvalitet, søkjar skal ha god gjennomføringsevne og verksemda som vert etablert bør innehalda minst eitt årsverk og ha en kommersiell målsetting.

2. Målgruppe for dei regionale etablerarfonda er ny-etablerte verksemder (kan vere frå 2019 dersom ein ikkje har kome i vanleg drift) eller prosjekt som vil føre til etablering av ei verksemd i etterkant av søknaden. Enkeltpersonføretak reknast også som verksemd i denne samanhengen.

3. Midlane skal tildelast som tilskot på inntil 50.000 kroner til etablerarar og ny næringsverksemd som fell utanfor Innovasjon Noreg si ordning med «etablerartilskot til gründerbedrifter med vekstambisjonar og ein forretningsidé som representerer noko vesentleg nytt i marknaden». Tilskotet vert gitt innanfor rammene av bagatellmessig støtte.

4. Tilskot frå etablerarfondet skal bidra til gjennomføring av naudsynte tiltak i tidleg oppstartsfase, og gje gründaren kompetanse om marknad og økonomi. Aktuelle aktiviteter kan vera: Kundeundersøkingar, brukarstudiar og anna kartlegging for å få meir brukarinnsikt, testing og vidareutvikling av forretningsidé, kostnader knytt til nettverksbygging og styrking av kompetanse innan forretningsutvikling. Tilskotet kan ikkje gå til fysiske investeringar. Godtgjersle til eige arbeid vert sett til kr 350,- pr time.


Vilkår for tildeling:

Prosjekt eller tiltak som det vert søkt om midlar til må vere forankra i ein eller fleire av kommunane i den regionen det vert søkt om tilskot i.
Prosjektet skal ha god kvalitet, søkjar skal ha god gjennomføringsevne og verksemda som vert etablert bør innehalda minst eitt årsverk og ha ein kommersiell målsetting.


Kontaktperson hos Nordhordland Utviklingsselskap IKS:

Nordhordland utviklingsselskap IKS, e-post: post@nordhordland.net
Bent Gunnar Næss - bgn@nordhordland.net - tlf 48 12 46 23.


Sist oppdatert: 25.03.2020
Publisert: 25.03.2020