HjemAktueltNyheiterEkspertutvalg med klar anbefaling om heving av kvikksølv ved U-864

Ekspertutvalg med klar anbefaling om heving av kvikksølv ved U-864

-Med denne rapporten markerer vi forhåpentlegvis byrjinga på slutten for denne vanskelege og svært omdiskuterte saka om ubåten på Fedje […] Det er viktig for regjeringa å velje ei løysing som er trygg for miljøet og befolkninga. Eg tar på alvor den uroa folk på Fedje og langs vestlandskysten har levd med i mange år på grunn av denne saka. Dette sa fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran då han mottok rapporten frå ekspertutvalet som har jobba sidan hausten 2020.


Ekspertutvalet fekk i oppdrag å sjå på om det finst ny informasjon, ny teknologi eller nye metodar som medfører at heving av kvikksølvlasta eller heile vraket kan gjennomførast med ein lågare risiko enn det som har vore vurdert tidlegare. Tidlegare utgreiingar i regi av Kystverket har anbefalt tildekking av vraket som det beste alternativet, basert på risiko for kvikksølvforureining på kort og på lang sikt.


– Det at vi konkluderer annleis enn kva som er gjort tidlegare, bygger på oppdaterte samfunnsøkonomiske vurderingar og risikovurderingar, at vi meiner dette bør vere teknisk og miljømessig gjennomførbart, og eit stadig sterkare globalt fokus på at forureining skal ryddast opp i. I tillegg har vi vektlagt folk og næringslivs opplevde kjensle av tryggleik, seier utvalsleiar Gro Kielland.

På Fedje er me svært nøgde med anbefalinga som no vert lagt fram, og me feirar med flagget til topps. Rapporten vert no sendt på tre månaders høyring, før regjeringa vil vedta korleis saka skal handterast vidare. 

 

Les meir: 

Regjeringa si pressemelding

Ekspertutvalet sin rapport

 

     


Sist oppdatert: 20.09.2022
Publisert: 20.09.2022