HjemAktueltNyheiterEin ny innbyggjar med påvist smitte av Covid-19 på Fedje

Ein ny innbyggjar med påvist smitte av Covid-19 på Fedje

Sidan vedkomande allereie var i karantene,  har det ikkje vore nødvendig med ny smittesporing knytt til dette tilfellet. Vikarierande kommunelege Yasir Choudhry melder at me no reknar med å ha oversikt over situasjonen for denne gongen, og at dei tiltaka som vart satt i verk har verka etter hensikta. Han er glad for at dei berørte innbyggjarane har følgd reglane for testing og karantene slik dei skal. Me oppfordrar alle innbyggjarar til å halde fram med å halde avstand – ha reine hender – halde seg heime om ein er sjuk. Har du mistanke om at det kan vera korona/Covid-19, skal du gå i isolasjon og la deg testa. Sidan det er eit pågåande utbrot i naboområda våre i Nordhordland, er det ekstra viktig å følgje med.

Me oppfordrar også alle til å snakke med ungdommen «sin» om at han/ho tar telefonen når helsestasjonen ringer. Helsestasjonen vaksinerer no i aldersgruppa 18-44 år, men har litt problem med å nå alle på telefon for å avtale vaksinetime.

Stian Herøy
Ordførar


Sist oppdatert: 30.07.2021
Publisert: 30.07.2021