HjemAktueltNyheiterEin innbyggjar med påvist smitte av Covid-19 på Fedje.

Ein innbyggjar med påvist smitte av Covid-19 på Fedje.

Ein innbyggjar i Fedje kommune fekk seint fredag kveld melding om påvist smitte av Covid – 19. Kommunelegen har fredag og laurdag gjennomført testing og smittesporing av alle nærkontaktar. I alt 13 personar er sett i karantene. Nokre bur på Fedje og nokre bur i andre kommunar.

Smitta kan vere relatert til det pågåande utbrotet i Austrheim kommune, og kommunelegane har hatt kontakt. Vikarierande kommunelege på Fedje Yasir Choudhry melder at det no ser ut til at me har oversikt over situasjonen, og vil halde kontakt med dei som er sett i karantene for vidare testing dei neste vekene.

Dette er ei påminning om at pandemien enno ikkje er over. Me oppfordrar alle innbyggjarar på Fedje til vere ekstra nøye me dei generelle rutinane: Hald avstand – reine hender – munnbind der det trengst. Har du symptom på luftvegssjukdom er det viktig at du heldt deg heime, og har du mistanke om at det kan vera korona/Covid-19 skal du gå i isolasjon og la deg testa.

Vaksineringa går framover, slik at fleire skal vera beskytta mot viruset, men me er ikkje ferdige med pandemien enno.

Ver fornuftige og ta vare på kvarandre.

 

Stian Herøy
Ordførar


Sist oppdatert: 24.07.2021
Publisert: 24.07.2021