HjemAktueltNyheiterCoronavaksinasjon (oppdatert 22.desember)

Coronavaksinasjon (oppdatert 22.desember)

Vaksinen synest så langt å vere trygg med få alvorlege biverknadar. Dei eldre får mindre biverknadar enn dei yngre. Det vanlegaste er etter ein til to dagar litt smerte på stikkstaden, hovudsmerte, muskelsmerte, frysningar, leddsmerte, feber og ein kan kjenne seg sliten.

Vaksinen gir skydd mot alvorleg sjukdom hos 95% av dei som vert vaksinerte.

Norge får i fyrste omgang 500.000 dosar som er nok til å vaksinere 250.000 personar. Ein skal ha to dosar der det skal gå minst 21 dagar mellom fyrste og andre dose. Staten har laga ei prioritering frå 1 til 9 som vi er pålagde å fylgje:

  1. Brukarane ved sjukeheimen,.
  2. Alle over 85 år
  3. Dei som er mellom 75 og 84 år
  4. Alder 65-74 år og personar 18-64 år med tilstandar som gir høg risiko for alvorleg sjukdom. Fastlegen får i oppgåve å gje opp kven som kjem i denne gruppa (kriteria frå FHI)
  5. Alder 55-64 år med underliggande sjukdom/ tilstand jfr fastlegen (kriteria frå FHI)
  6. Alder 45-54 år med underliggande sjukdom/ tilstand jfr fastlegen (kriteria frå FHI)
  7. Alder 18-44 år med underliggande sjukdom/ tilstand jfr fastlegen (kriteria frå FHI)
  8. Alder 55-64 år  
  9. Alder 45-54 år

Vi veit ikkje kor mange dosar Fedje vil få, men vi fryktar at det berre vert nok i fyrste omgang til dei to til tre fyrste gruppene. Vaksinen er gratis.

 

Vi vil rå til at alle som får tilbod om vaksine, tek imot denne.

Kva skal du gjere for å få vaksine? Vi tek kontakt med dei som får tilbod om vaksinasjon. Vi informerer med brev, SMS og på nettsidene for kommunen. Vaksinasjonen går for dei fleste føre seg i fleirbrukshallen. Dei som bur på sjukeheimen eller er dagpasientar, får si vaksine der. Dei som nyttar blodfortynnande, skal vente med dosen til etter at ein har fått si vaksine.

Du vil per telefon få tid for vaksinasjon og møtestad for begge dosane. Kan du ikkje møte til avtalt tid, er det viktig å melde ifrå slik at andre kan få vaksinedosen.

Er du blitt sjuk i luftvegane, forkjøling, feber eller liknande, skal du melde frå per telefon og ikkje møte til vaksinasjon.

 

 

 

Med venleg helsing

 

Ernst Horgen                               Nadine Gutte-Preusse                      Kjersti Torstensen

Kommuneoverlege                      Leiar PLOMS                                    Helsesjukepleiar

56164031                                     468 46 011                                        408 02 756


Sist oppdatert: 22.12.2020
Publisert: 21.12.2020