HjemAktueltNyheiterAvlyser vaksinedagar 8. og 9. september

Avlyser vaksinedagar 8. og 9. september

Fedje kommune hadde satt opp drop-inn vaksinering denne veka, til alle over 65 år, samt til personar mellom 18 og 65 år med underliggjande sjukdom. Grunna beskjed om oppdaterte vaksinar frå FHI har me difor beslutta å avlyse planlagt vaksinering torsdag og fredag denne veka.

Me vil komme tilbake til nye vaksinasjonsdagar så snart det er klart.

Dei som likevel vil ha den ordinære vaksina som oppfriskningdose, bes ta kontakt med Fedje Legekontor i ordinær opningstid mandag, onsdag og fredag.


Sist oppdatert: 06.09.2022
Publisert: 06.09.2022