HjemAktueltNyheiterNasjonale tiltak - Omikron

Nasjonale tiltak - Omikron

Regjeringa har innført fleire nye nasjonale Koronatiltak for å bremse spreiing av den nye omikronvarianten når den kjem til landet.

Dei nye tiltaka er:

- Isolasjonstida vert forlenga til 7 dagar for dei som testar positivt, og som det er grunn til å tru at kan vere smitta med varianten omikron

-Det vert pålagt smittekarantene i 10 dagar for husstandsmedlemer og nære personar det er grunn til å tru er smitta av varianten omikron. Desse har og krav om PCR-test så snart som mogleg og på dag 7 før avslutning av karantene.

-Det vert innført testplikt med PCR-test for øvrige nærkontaktar ved mistanke om smitte av omikronvarianten.

-Alle tiltaka gjeld uavhengig av vaksinasjonsstatus.

-Pliktene opphører dersom det seinare vert bekrefta at smitten ikkje skuldast varianten omikron.

Les meir på regjeringen.no

Innfører tiltak for å forsinke spredningen av omikronvarianten i Norge - regjeringen.no


Sist oppdatert: 30.11.2021
Publisert: 30.11.2021