HjemAktueltNyheiterInformasjon om mellombelse avfallsmottak hausten 2021

Informasjon om mellombelse avfallsmottak hausten 2021

Til dei mellombelse avfallsmottaka kan ein levera:

  • Metallskrap
  • Møblar
  • Elektrisk og elektronisk (EE) avfall.
  • Trevyrke/trykkimpregnert trevyrke (maks 1 m3 på palle)
  • Farleg avfall, til dømes batteri, bensin, olje, måling, sprayboksar, asbest, trykkimpregnert trevyrke og vindauge.


Krav til levering:

Eternit/asbest skal pakkast i byggingsplast (dampsperre 0,32 mm), slik at plasten dekkjer asbesten. Materialet må leverast på pall, og under transport må den sikrast med tau, for å unngå skader på platene. Ikkje bruk stroppar, då dei kan skada plasten og føra til utslepp av asbesthaldig støv.

NGIR sine transportørar har ikkje lov til å ta med feilpakka eternit/asbest.

Isolerglasruter kan leverast enkeltvis, eller, ved fleire enn ein, spikra på pall.


Vi gjer merksam på:

  • Næringskundar kan ikkje levere avfall
  • Lastebilar med ei totalvekt over 3500 kg har ikkje tilgang til området
  • Større traktorar/hengarar har ikkje tilgang til området. Små traktorar («gråtass») og hengarar er OK.
  • Pakk lurt! Det du lastar opp i hengaren/bilen, må og klare å lossa av når du er framme. Vi har ikkje truck/utstyr til å løfte tilgjengeleg, så det du bringer med deg, må du kunne lossa av for hand.


Dette kan du ikkje levera på mellombelse avfallsmottak:

  • Større mengder bygge- og rivingsavfall.
  • Bilmotorar, bildekk. (Felgar utan dekk kan leverast som metallskrap.).
  • Båtar og båtmotorar.
  • Glas- og metallemballasje (eigne returpunkt).
  • Matavfall/slakteavfall.
  • Hageavfall/skogavfall.
  • Plank over tre meter (må evt delast/kappast).
  • Medisin.
  • Takplater av metall over tre meter (må evt delast/kappast).
  • Pyroteknisk materiale (fyrverkeri, naudrakettar og liknande).

Sjå meir informasjon om dei ulike avfallstypane på ngir.no

Viss du har spørsmål, ta kontakt på post@ngir.no.

 

Hugs NGIR-kortet/miljøID-appen

Hugs at alle kundar må ha med NGIR-kortet/miljøID-appen på alle gjenvinningsstasjonar og mellombelse avfallsmottak. Gløymer du NGIR-kortet/miljøID-appen, får du ikkje levera avfall, då NGIR ikkje kan registrera leveringa i systemet utan NGIR-kortet eller miljøID-appen.


Sist oppdatert: 26.08.2021
Publisert: 26.08.2021