HeimAktueltNyheiter17. maimarkering i barnehagen - på førehand

17. maimarkering i barnehagen - på førehand

17.maitog i barnehagenDette er ein årleg tradisjon, men me satt av litt ekstra tid til dette i år. I ei litt annleis tid gjer me så godt me kan for at borna skal kunne ha ein så normal kvardag som mogleg. No blir ikkje 17. maifeiringa slik dei er van med, så her måtte me gjere det beste ut av dagen.

Dagen starta litt «grå», og me dekorerte barnehagen med pynt me har jobba med den siste veka. 

Så gjekk me i «tog» rundt Kalvedalen – saman, men i kohortar. Med veivande flagg og korpsmusikk på høgtalar, reknar me med at mange høyrde oss langs vegen. På førehand hadde me avtalt med sjukeheimen at me kom til å stå på same stad som 17. maitoget vanlegvis stoppar. Me veiva med flagg, ropte "Hipp Hipp Hurra" for full hals, og innimellom pøsregnet song me «Mellom bakkar og berg» og andre songar me er godt kjent med.

Tilbake i barnehagen hadde me nokon av dei tradisjonsrike leikane med potetløp, sykkelløp, kaste ball i bøtte og russen «rulla» i russebuss. 

Me hadde ein finfin dag og ønskjer alle GRATULERER MED DAGEN!

Hipp, hipp HURRA frå oss i barnehagen 😊

17. maiflagg i små hender


Sist oppdatert: 06.07.2020
Publisert: 14.05.2020