HjemAktueltNyheiter1. desember er Røykvarslardagen!

1. desember er Røykvarslardagen!


Alle bustader og hytter bør ha røykvarslarar og du bør ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er stengd.

Røykvarslardagen er eit samarbeid mellom brann- og feiarvesenet, Det lokale eltilsyn, Norsk brannvernforening, Gjensidige og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Test røykvarslaren
Test røykvarslaren ved å halde ”test-knappen” inne nokre sekund. Røykvarslaren skal då byrje å pipe. Om han ikkje gjer det, må du byte batteri og gjenta testen, eventuelt kjøpe ny varslar. Om røykvarslaren gjev frå seg korte pip, vil det seie at batteriet byrjar å bli dårleg. Då må du byte batteriet med ein gong.

Bruk gjerne Røykvarslardagen til å hjelpe nokon som ikkje greier å teste eller byte batteri sjølv. Ein ny røykvarslar kan også vere ei fin førjulsgåve.

– Vi tilrår seriekopla røykvarslarar, slik at alle varslarane pip samstundes ved brann. Dette kan gje deg verdifull tid til å evakuere, til dømes om ein brann startar i kjellaren og du søv i andre etasje. Det kan vere med på å redde liv, seier [set inn etternamn her].

Bør testast jamleg
Ein bør normalt byte røykvarslarar etter åtte til ti år. I rom med mykje støv og skit kan detektoren bli ustabil og gje falske alarmar, fordi sensoren blir skiten eller støvete. I slike miljø vil levetida til røykvarslaren vere kortare. Røykvarslarar er EE-avfall som ein ikkje skal kaste i søpla. Gamle røykvarslarar kan leverast gratis til forhandlarar og til din lokale attvinningsstasjon.

Røykvarslarar bør ein teste jamleg og kvar gong du har vore bortreist over lengre tid.


røykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.



FAKTABOKS:
- Ha minst ein røykvarslar i kvar etasje.
- Røykvarslarar skal monterast på det høgaste punktet i taket og minst ein halv meter frå veggen.
- Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom når døra mellom romma er stengd.
- Har du ein bustad med mange rom eller fleire etasjar bør du ha seriekopla røykvarslarar. Då pip alle varslarane samstundes ved brann.
- Vel optisk røykvarslar. Dei fleste bustadbrannar startar som ulmebrannar, og då er optiske røykvarslarar best.
- Det er forhandlarane som er ansvarlege for at røykvarslarane dei sel er produserte i samsvar med regelverket. Det du må sjekke, er at varslaren er CE-merka.


Sist oppdatert: 01.12.2020
Publisert: 01.12.2020