Nyheiter
Vi søker avlastarar og støttekontaktar/fritidskontaktar!
Vi treng støttekontaktar og avlastarar for barn, unge og vaksne som har ei funksjonsnedsetjing eller andre utfordringar. Vi ser etter deg som ønskjer ein givande og meiningsfull jobb. Arbeidet vil vere på ettermiddag/kveld og i helgar. Talet på timar varierer og baserer seg på familien sitt behov.
Å vere avlastar:
Dette inneber å tilbringe tid saman med barn og ungdom som har nedsett funksjonsevne og ulike behov for tilrettelegging. Det handlar om å vere ein trygg vaksen og skape gode opplevingar. Målet er at den som gir omsorg skal få avlastning frå sine særleg krevjande omsorgsoppgåver.
Å vere støttekontakt/fritidskontakt:
Som støttekontakt/fritidskontakt bidreg du til positive opplevingar og meistring av aktivitetar i eit anna menneske sitt liv.
Er du interessert, eller ønskjer du meir informasjon, ta kontakt med:
Anita Hatlem Villanger, leiar Familiens hus
E-post: anita.hatlem.villanger@fedje.kommune.no
Telefon: 56 16 51 15 / 462 80 42